Smalahove på Sogn Jord- og Hagebruksskule

Det er haust og tid for smalahove. Eller «sauehove» som ein seier i Aurland. Lærar Torvald har teke elevane ut for å tenne bål og svi sauehovud. Dette er dyr som elevane har slakta og partert. For elevane blir dette eit etterlengta avbrekk mellom tung teori og
oppgåver i driftplanlegging. Foredling er eit viktig fagområde på SJH.
Når håra er svidd av, delar elevane hovudet på langs og reinskjer det innvendig. Hovuda skal liggje i rennande vatn i eit døgn. Det kan så røykast, eller berre saltast og frysast. Hjernemassen kan ein nytte til å garve skinn.
Lærar Torvald fortel at det var stas å få smalahove på tallerken - feitt, mektig og smakfullt. «Siste sundag før jul var det Skoltesundag. Då åt me dei siste hovuda», fortel han. Etter jul er det elevane sin tur til å smake. Då vert det nyttårsfest med sauehove og tilbehør for elevar i Vg3 på SJH. Skulen der du lærar å sjå, ta vare på og nytte ressursane rundt deg.
Søk nå på sjh.no!
Video av Petter Napstad

Пікірлер: 4

  • @GROENAASMusic
    @GROENAASMusic Жыл бұрын

    Disse kommentarene altså. 😂

  • @frankdarvishi6408
    @frankdarvishi64083 жыл бұрын

    Slutt med det der.

  • @frankdarvishi6408
    @frankdarvishi64083 жыл бұрын

    Blir kvalm

  • @thejack9178
    @thejack91785 жыл бұрын

    Dyremisandling