Øyvind Samnøy: (3) Eg vil atter ta meg av deg

Denne veka er det digital bibelveke frå Steinsdalen Bedehus, og i dag er me komne til torsdag 11. februar i 2021. Det er Øyvind Samnøy som talar. På grunn av coronasituasjonen i kommunen her i denne tida, er sjølve talen teke opp på bedehuset i Fortun i Indre Sogn der talaren bur. Tema for ein del av møta denne bibelveka er: «Eg vil atter ta meg av deg». Det er ein gjennomgang frå 1. Samuelsbok i Bibelen. Denne kvelden får me høyre om då Herren byrja å tale til Samuel, og han får ein domsbodskap å gå med til den åndelege leiaren Eli. Men også korleis Herren openberrar seg for Samuel i Silo ved Herrens ord. Teksten er frå: 1 Sam 3:1-21.

Пікірлер