Stord kommune sin BlimE dans 2023

Dette er ein liten innsats til å fremja Stord kommune sin helse og trivsel og setta Folk i sentrum!
Som eit symbolsk bonusmål med det nasjonale og lokale arbeidet med inkluderande praksis syntes me at BlimE dansen passa inn!
BlimE-dansen eit døme på at den digitale verda ikkje berre bidreg til stillesitting. Den kan også vera med å skapa ei kjensle av tilhøyrsle og fellesskap. Alle skal kunna delta på sine premissar og utifrå sine føresetnader.
Me er veldig glade for at så mange, både store og små, viste interesse og deltok i musikkvideoen. Ekstra kjekt er det Tormod Løkling frå Stord har vore med og skrive tekst og musikk til dansen.
Me håper at BlimE-dansen har bidratt til hyggeleg stemning og kjensle av inkludering både for tilsette, skuleelevar og barnehagebarn. 😊
Filmen er laga av Peter Tubaas Vestland media

Пікірлер