Hotel Union SPA

Ro i sjela er ein god start på vegen mot ei kjensle av lykke. Omgjevnadene påverkar deg meir enn du trur, og samvær med naturen ladar opp kropp og sinn med ein energi du kan leve lenge på. I ei spa-oppleving møter mennesket naturen på ny, innanfor rammene av behandlingar som byggjer på hundreårlange røynsler i ulike kulturar der knapt noko har vore meir verdfullt enn vatn.
No inviterer vi deg inn i eit av dei vakraste landskapa i verda. Utsynet over Geirangerfjorden og fjella rundt. Lyden av fossebrus. Klar, rein luft. Alt saman er med på å skape indre fred og å la tankane flyte fritt. Når du har funne ro og stille, er vegen kort til djupt, indre velvære.
Harmoni og velvære veks fram innanfrå. Fred, ro, vatn og urter reinsar kropp og sjel, og kan gi deg den gode kjensla av å vere nøgd. Både sjølve spa-behandlinga, romma det skjer i og nærleiken til naturen utanfor tek deg ut av kvardagen ei stund. Vi har lagt alt til rette for at du skal få ei real, sanseleg oppleving den gode stunda.
Lykka er å ha litt ekstra tid til seg sjølv. Union Spa er ein ny måte å tenkje eigenpleie på. Nærleik til naturen og med eit av verdas vakraste landskap som utgangspunkt, får du oppleve kva komplett velvære kan utrette for deg. Union Spa er pleie av mental helse, nedstressing og inspirasjon på same tid. Ekte, reine og annleis vatnopplevingar, reinsing og behandlingar. Ei stund av lykke i kvardagen. Vvi håper du kjem att.

Пікірлер: 5

  • @user-vp9sw3hx7e
    @user-vp9sw3hx7e Жыл бұрын

    Как дизайнер интерьера и прекрасный художник- ОТЛИЧНЫЙ ИНТЕРЬЕР ! Сколько любви и тепла вложено !

  • @user-vp9sw3hx7e
    @user-vp9sw3hx7e Жыл бұрын

    Какой интерьр ! ☺🙏👱✌👍🌹🌹🌹

  • @basilegabasil
    @basilegabasil3 жыл бұрын

    Тоска Зелёная!

  • @RozarioAgro75

    @RozarioAgro75

    2 жыл бұрын

    Ну да,в Махачкале веселее))