Grensesetting som fremmer god utvikling

Barn treng rammer og grenser i kvardagen. Grensesetting kan vere så mykje. Ikkje berre å gripe inn når barn gjer noko dei ikkje skal. Som vaksne er vi rollemodellar i kvardagen og viser kva som er greitt og ikkje. Barn har ikkje alltid føresetnadar for å vite kva som er bra for dei. Difor kan det vere svært viktig å seie nei til barn som vil noko som vi forstår ikkje vil vere bra for dei. Grensesetting fremmer god utvikling når vi gjer det på ein god måte, og har barnet sitt beste som rettesnor for korleis vi set grenser, og for kva vi set grenser for.
Filmen er ein av fleire filmar livetogsann.no har laga for å hjelpe vaksne å greie å møte barn på gode måtar når noko er vanskeleg i kvardagen. Filmane er produsert av Livet&Sånn i Ålesund kommune med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom ordninga Program for folkehelsearbeid i kommunane frå Helsedirektoratet.

Пікірлер