Ein konge i stein

Følg arbeidet til steinhoggar Johannes Klem med å meisle fram kong Magnus Lagabøte
- Kong Magnus byrjar å sjå på meg. Figuren kjem ut av steinen. Du ser ansiktstrekka.
Johannes Klem er steinhoggar ved Nidaros Domkirkes Restaureringsarbeider og er i ferd med å arbeide fram ansiktstrekka til Magnus Lagabøte frå eit klebersteinemne. Arbeidsreiskapane han bruker - hamar og meisel - er dei same som blei brukte då Magnus Lagabøte levde.
Den einaste avbildinga vi har av Magnus Lagabøte som vi med eit visst sannsyn kan seie at liknar på han, byrja ein å arbeide med på 1200-talet, medan kongen levde. Steinskulpturen heng i dag i Stavanger domkyrkje.
I samband med Landslovjubileet bestilte Nasjonalbiblioteket ein kopi av denne skulpturen. Steinen som er brukt, er frå eit klebersteinsbrot på Kvikne. Her henta steinhoggarane ved Nidarosdomen spesielt fin kleberstein til restaureringsarbeid i ei årrekke.
Det ferdige resultatet, skulpturhovudet av Magnus Lagabøte, kan du sjå i utstillinga «Med lova i hand. Magnus Lagabøtes landslov, 1274-2024» på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Sjå: www.nb.no/utstilling/landslov/

Пікірлер: 6

  • @LarsAamodt
    @LarsAamodt3 ай бұрын

    Takk som deler!

  • @teddy9548
    @teddy95483 ай бұрын

    Fantastisk! Mer av dette! Vakkert håndtverk.

  • @alaxan7360
    @alaxan73602 ай бұрын

    thank you for uploading this beautiful video. Amazing skill. Bravo. The way the piece is exhibited is also spectacular.

  • @Diddiwehy
    @Diddiwehy3 ай бұрын

    Fantastisksaus

  • @sirhonksalot1432
    @sirhonksalot14323 ай бұрын

  • @Vetikkehva
    @Vetikkehva19 күн бұрын

    Hvor ble hodet sendt til?