No video

Color Line | MS Venus ved Aker Stord, juli 1993

På kvelden 20. juli 1993 la "Englandsbåten" til kai ved Aker Stord.
Color Line sin MS Venus var på veg frå Newcastle via Bergen til Stavanger, då den stoppa innom verftet for å losse spesialverktøy dei hadde med frå England.
Dei fire spesial-køyretøya vart køyrd i land på ein lekter ved Utrustningskaien og skulle nyttast til å flytte Nelson modulane, som stod klar for levering hos Aker Stord.
På akterdekket var det mange skuelystne, passasjerar så vel som mannskap.
Ei veke seinare, 27. juli, kom Venus attende for å hente med seg køyretøya heim til England.
MS Venus vart bygd i 1974 ved Wärtsilä i Turku, Finland, og levert til Sessan Line, seinare Stena Line, som "Prinsessan Birgitta". Opererte på slutten av 80-talet som "Scandinavia" for Sealink British Ferries, før den vart seld til Norway Line i 1989. Fekk namnet "Venus" og gjekk mellom Bergen, Stavanger og Newcastle for Color Line frå 1990 til 1994, då den vart seld til DFDS Seaways og fekk namnet "King of Scandinavia". Mellom 2002 og 2008 gjekk båten i Tyrkia som "Cesme" for Marmara Lines. I skrivande stund i drift i Middelhavet som "MF Prince" for European Seaways.

Пікірлер